Kurs i Nordfjord_1200x500.jpg

Glutenfri sommarskule i kjølsdalen

Tysdag 13. august møttest 22 personar til glutenfri sommarskule på Kjølsdalen Montessoriskule i Nordfjord. Både tilsette og føresette var velkomen!

Tekst: Hjørdis Almelid Vikenes


Bakeleiar og kurshaldar Hjørdis Almelid Vikenes i NCF tok turen i frå Ørsta til Nordfjord for å kurse og ha bakeopplæring med både tilsette og føresette. - Det er flott når skular legg så godt til rette for at både tilsette og føresette får opplæring om det gode glutenfrie livet, seier Almelid Vikenes.

I løpet av knappe tre timar fekk deltakarane både eit teoretisk innblikk i kva som kan vere utfordringane for born og unge med cøliaki, og dei fekk sjølv vere med å bake ei grov grunndeig og litt søte bakverk. Til slutt var det naturlegvis smakstesting, og maten fall i smak hjå deltakarane.

Kjekt å få bake

- Eg synest at det er supert med slike praktiske kurs der vi som foreldre får den kunnskapen vi treng for å greie å inkludere born som treng tilrettelegging. Eg trur mange vil forstå betre kva utfordringar cøliakiforeldre har etter eit slikt kurs. No veit vi meir om kva som må til ved besøk, bursdagar osb. Det kjekkaste med kurset var at vi fekk bake med støtte frå bakeleiaren, for då er terskelen lågare for å tørre å prøve sjølv, seier Torill Saure frå Ørsta.

Tidlegare var Hjørdis og Torill kollegaer ved Ørsta ungdomsskule. Det var eit kjekt samantreff at dei skulle møtast att i ein slik setting.

- No er vi mange, både tilsette og vaksne i foreldregruppa, som har fått same gode informasjon og ikkje minst litt praktisk øving i korleis tenkje løysingar for ein glutenfri kvardag. Dette gjev oss alle meir tryggleik i at vi er fleire som er bevisste, og at ein kan spørje kvarandre om råd om vi lurar, konstaterer rektor Thomas Poul Reines Hals.

- Eg synest at det er supert med slike praktiske kurs der vi som foreldre får den kunnskapen vi treng for å greie å inkludere born som treng tilrettelegging.

Kursa er for alle

NCF har både teoretiske kurs og praktiske kurs som både barnehagar, skular, tilsette ved ulike institusjonar og andre kan delta på. Kursa er opne for både medlemmar og andre.

- NCF arbeider på mange felt for å auke kompetansen om glutenfri mat. Viss andre skular eller barnehagar er interessert i anten bakekurs eller opplæring, så ta kontakt med anten meg, eller NCF i Oslo, så prøver vi å hjelpe til så langt dei frivillige medarbeidarane våre klarer å ferdast. Det var kjekt å få vere med på ein glutenfri sommarskule i Kjølsdalen med lærevillige føresette og tilsette, understrekar Hjørdis Almelid Vikenes.

Se her for mer informasjon om NCFs kurs

Klikk på logoene for mer info