Arkiv

Resultat: FODMAP-diett (1)

Møter lite forståelse hos lege

Hei, Eg fekk diagnosen cøliaki for 4 månadar sidan. Har sidan då hatt glutenfri og laktosefri diett. Eg har så lenge eg kan hugse hatt treig og hard mage, men sjeldan heilt forstoppa. Det siste året før eg fekk diagnosen vart eg meir og meir oppblåst. Som ...

Hei, Eg fekk diagnosen cøliaki for 4 månadar sidan. Har sidan då hatt glutenfri og laktosefri diett. Eg har så lenge eg kan hugse hatt treig og hard mage, men sjeldan heilt forstoppa. Det siste året før eg fekk diagnosen vart eg meir og meir oppblåst. Som regel kom lufta utover dagen, og magen var "normal" igjen til neste dag. Etter at eg la om til glutenfri og laktosefri diett har eg hatt periodar der magen har fungert fint og fordøyelsen har vore betre. Men når magen begynner å bli treig igjen, så blir eg heilt forstoppa. Har hatt fleire rundar der eg har brukt 2-3 veker på å få i gang systemet igjen. (Følger då alle råd om fiberrik kost, svisker i mengder, mykje vatn, mosjon, movico, dulcolac osv..) Desse vekene har eg ekstremt mykje luft i magen. Plagane går ut over dagleglivet og nattesøvnen. Det opplevast som at det "proppar seg" ganske høgt oppe i tarmsystemet. Lufta samlar seg i øvre mageregion og pressar liksom opp under ribbeina. Eg har tenkt at det kan vere hindring i tarmen som gjer at passasjen smalnar inn. Når eg forklarer problemet for lege, får eg berre beskjed om at dette er vanleg når ein legg om til eit glutenfritt og meir fiberfattig kosthold. Kostholdet mitt består i stor grad av havregryn, frø, grønnsaker og fiberrik frukt, så eg kan ikkje forstå at det er det som er problemet. Plagane med luft og treig mage blir heller verre enn betre. Eg føler at eg møter liten forståelse for problema. Er det slik at det er normalt at problema blir verre - og når kan eg i så fall forvente betring? (Eg ventar på konsultasjon med cøliakisjukepleiar, men det blir mykje venting og henvisning, så eg blir litt utålmodig..)

Kvinne, 30 år, 19. oktober 2021 12:04

Det er riktig at mange av den glutenfrie matens erstattningsprodukter (glutenfrie brødblandinger)  er fattig på fiber og det kan gi treg mage hos noen. Muligens har du i tillegg til din cøliaki en forstoppelses-preget irritabel tykktarmssyndrom (IBS), og den kan være vanskelig å behandle med såkalt FODMAP-redusert kosthold. Du bør muligens få forstoppelsen utredet (avhengig av din alder), og se om du kan bli henvist til en klinisk ernæringsfysiolog som kan se om det er ting i maten din som er spesielt høy på de ikke-absorberbare karbohydratene kalt for FODMAP, som du bør redusere konsumet av for å unngå oppblåsing og "tarm-stillstand".

Trond S. Halstensen, 20. oktober 2021 18.58

Klikk på logoene for mer info